MÅLLAGET I KRISTIANSAND
Spenstig om Håvamål
Forfattaren og filologen
Kristin Fridtun vitja Mållaget den 16. april.
Fridtun gav eit engasjerende foredrag om Håvamål (som tyder «den Høges tale», altså Odins tale), og særleg strofe 101 om Billings møy.
Fridtun peika på skilnader mellom den norrøne teksten frå 1200-talet og moderne omsetjingar; sistnemnde legg vekt på skjønnhet og potensielt objektiviserer henne. Moderne illustrasjonar av Billings møy gjer det same.
Fridtun argumenterte for at den norrøne teksten, som fokuserer på indre karakter, framstiller kvinna med meir respekt. Foredraget bidrog til ein grundig analyse av strofen og peika på korleis moderne omsetjingar kan påverke tolkingane våre av historiske tekstar.
Samla sett var foredraget både eit partsinnlegg og ein verdifull ressurs for å forstå Håvamål.
Hallvor Brunstad
Møt filolog og forfattar Kristin Fridtun i Mållagssalen 16. april kl 19.00
«Klok kvinne eller digg dame? Ei drøfting av kjønn i
Håvamål-omsetjingar»
Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad og pensum i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, og då les vi som regel ei tekst skriven av ein mann, for Håvamål-omsetjarar flest er menn. Har det noko å seia?
I boka Klok kvinne eller digg dame? granskar filolog og forfattar Kristin Fridtun tjueåtte skandinaviske omsetjingar av diktet, og ho meiner at svaret er ja. Ta figuren Billings møy, til dømes: Er ho ikkje påfallande pen i mange av omsetjingane? Og litt vel lettkledd i illustrasjonane?
Å SYNGE VÅREN INN med
BUL-koret onsdag 20. mars
Ei god oppleving med ein aktiv dirigent og eit kor som synte svært stor songglede, noko som laga ei fin stemning i salen.
Bul og Mållaget var saman om denne kvelden, men me var ikkje mange frå Mållaget.
Solveig Lima
Årsmøte i Mållaget 13. februar
Sjølv om dette var ein vinterdag med snøfylte gater og isete fortau, var me likevel 16 medlemer til stades. Leiaren, Anne Kari Slettan, opna årsmøtet. Sylfest Lomheim vart vald til ordstyrar og Svein Slettan til skrivar, Olav Molland og Kjellaug Kvalsvik vart valde til å skrive under protokollen.
Oddmund Loland, styreleiar for Gyldenløvesgt 11 AS, delte ut ei skriftleg orientering, og folk gav uttrykk for at dei var nøgde med drifta. Anne Kari Slettan la fram årsmeldinga, som vart godkjent utan merknader. Solveig Lima la fram rekneskapen og budsjettet for 2024, som også vart godkjent utan merknader.
Etter blautkake og kaffi kunne me også i år gle oss over å høyre Maria Viken lese dikt.
Valnemnda hadde dette forslaget til nytt styre: Hallvor Brunstad, leiar for 1 år, Svein Slettan og Dag Olav Hagen har 1 år att. Nye for 2 år: Inga Lauvdal og Gyro Nesland Bjørnenak. Varamedlemer for 1 år: Guro Lillebø og Trude Lindø. Inga Lauvdal var 1. varamedlem i 2023, og Guro Lillebø går no inn som 1. varamedlem og stiller fast på styremøta. Alle vart valde med akklamasjon. Anne Kari Slettan hadde fråsagt seg attval som leiar, og Solveig Lima hadde fråsagt seg attval som styremedlem.
Utsendingar til landsmøte i Noregs Mållag og Vest-Agder fylkesmållag fekk styret godkjenning til å velje ut.
Eit triveleg årsmøte, der utdeling av blomebukettar høyrer med før det bar ut i vinterbyen att!
Styret
Forfattarmøtet med Gunstein Bakke
Møtet vart arrangert tysdag 23. januar, og det vart ei givande oppleving for alle som møtte opp. Agder-forfattaren Bakke har gjennom ein brei forfattarskap skrive både på nynorsk og bokmål, og både prosa og lyrikk.
Under møtet vart det klart at forfattaren allereie frå ung alder las mykje klassisk litteratur, som det var mykje av i barndomsheimen. Det interessante er at sjølv om han tidleg kjende forventinga om å skrive på nynorsk og utforske lokale tema, valde Bakke å gå sine eigne vegar og skrive på begge målformer. Dette valet har gjort forfattarskapen hans meir mangfaldig.
Publikum fekk eit nærare innblikk i den kreative verda hans gjennom høgtlesinga frå boka "Austalgi" (2021) og diktsamlinga "Overgang til menneske" (2023).
Det var tydeleg under høgtlesinga at Gunstein Bakke er oppteken av god klang heilt ned på setningsnivå, og orda vart levande og behagelege å lytte til i ein slags rytmisk flyt. Dette bidrog til å gi dei frammøtte ei engasjerande og vakker leseoppleving, der forfattaren formidla innhald frå verka sine sikkert og med innleving.
Publikum fekk ikkje berre nyte ein kveld med ei litterær oppleving, men også kaffi og kringle, noko som skapte ein hyggeleg slutt på forfattarbesøket.
Hallvor Brunstad